Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 16:16-28 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

16. Då svara Simon Peter: «Du er Messias, den levande Guds Son.»

17. Jesus tok til orde og sa: «Sæl er du, Simon, son til Jona. For dette har ikkje kjøt og blod openberra for deg, men Far min i himmelen.

18. Og det seier eg deg: Du er Peter, og på dette fjellet vil eg byggja mi kyrkje, og dødsrikeportane skal ikkje få makt over henne.

19. Eg vil gje deg nøklane til himmelriket; det du bind på jorda, skal vera bunde i himmelen, og det du løyser på jorda, skal vera løyst i himmelen.»

20. Så forbaud han læresveinane strengt å seia til nokon at han var Messias.

21. Frå den tid tok Jesus Kristus til å gjera det klårt for læresveinane at han laut fara til Jerusalem, og at dei eldste, overprestane og dei skriftlærde skulle la han lida mykje. Han skulle bli slegen i hel, og tredje dagen skulle han reisast opp.

22. Då tok Peter han til sides og gav seg til å tala han til rette og sa: «Gud hjelpe deg, Herre! Dette må aldri henda deg.»

23. Men Jesus snudde seg og sa til Peter: «Vik bak meg, Satan! Du vil føra meg til fall. Du har ikkje tanke for det som Gud vil, berre for det som menneska vil.»

24. Same gongen sa Jesus til læresveinane: «Vil nokon følgja etter meg, må han seia nei til seg sjølv, ta krossen sin opp og følgja meg.

25. For den som vil berga livet sitt, skal mista det. Men den som mistar livet sitt for mi skuld, skal finna det.

26. Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel? Eller kva kan eit menneske gje til vederlag for si sjel?

27. For Menneskesonen skal koma i herlegdomen åt Far sin saman med englane sine, og då skal han løna kvar og ein etter det han har gjort.

28. Sanneleg, eg seier dykk: Somme av dei som står her, skal ikkje smaka døden før dei ser Menneskesonen koma med kongsmakt.»

Les hele kapitlet Matteus 16