Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 15:25-34 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

25. Då kom ho og fall ned for han og sa: «Herre, hjelp meg!»

26. Han svara: «Det er ikkje rett å ta brødet frå borna og kasta det til hundane.»

27. «Det er sant, Herre», sa kvinna, «men hundane et då dei smulane som fell frå bordet til eigarane deira.»

28. Då sa Jesus til henne: «Stor er trua di, kvinne. Det skal gå som du vil.» Og dottera vart frisk frå same stunda.

29. Då Jesus drog derifrå, tok han vegen langs Galileasjøen, og han gjekk opp i fjellet og sette seg der.

30. Då kom folk til han i store flokkar. Dei hadde med seg lamme, uføre, blinde og stumme og mange andre, og la dei ned for føtene hans, og han lækte dei.

31. Folket undra seg då dei såg stumme tala, uføre bli friske, lamme gå og blinde sjå. Og dei lova Israels Gud.

32. Jesus kalla læresveinane til seg og sa: «Eg synest inderleg synd på folket. No har dei alt vore hos meg i tre dagar, og dei har ikkje noko å eta. Eg vil ikkje la dei fara svoltne heim, for då kunne dei bli heilt utmatta på vegen.»

33. Læresveinane svara: «Kvar kan vi få tak i brød her i øydemarka til å metta så mykje folk?»

34. «Kor mange brød har de?» spurde Jesus. «Sju», svara dei, «og nokre småfiskar.»

Les hele kapitlet Matteus 15