Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 15:1-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Då kom det nokre farisearar og skriftlærde til Jesus frå Jerusalem og sa:

2. «Kvifor bryt læresveinane dine overleveringa frå dei gamle? Dei skyl ikkje hendene før dei et.»

3. «Og de», svara Jesus, «kvifor bryt de Guds bod av omsyn til dykkar eiga overlevering?

4. For Gud har sagt: ‘Æra far din og mor di’ og: ‘Den som talar vondord mot far sin eller mor si, skal døy’.

5. Men de lærer: ‘Den som seier til far sin eller mor si: Den hjelpa du skulle hatt frå meg, skal vera ei gåve til tempelet,

6. han treng ikkje heidra far sin {{eller mor si}}.’ Slik har de sett Guds bod til sides av omsyn til dykkar eiga overlevering.

7. De hyklarar! Jesaja profeterte rett om dykk då han sa:

8. Dette folket ærar meg med leppene, men hjartet er langt borte frå meg.

9. Dei dyrkar meg fåfengt, for det dei lærer, er menneskebod.»

10. Så kalla han folket til seg og sa: «Høyr og forstå!

11. Det er ikkje det som kjem inn i munnen, som gjer mennesket ureint. Men det som går ut av munnen, det gjer mennesket ureint.»

Les hele kapitlet Matteus 15