Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 14:12-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. Men læresveinane hans kom og henta liket og gravla det. Sidan gjekk dei til Jesus og fortalde det som hadde hendt.

13. Då Jesus fekk høyra det, gjekk han ut i ein båt og drog derifrå til ein aud stad, så han kunne vera åleine. Men folk fekk vita det, og dei kom etter han til fots frå byane.

14. Då han steig i land, fekk han sjå ei stor folkemengd. Han fekk inderleg medkjensle med dei og lækte dei som var sjuke.

15. Då det leid til kvelds, kom læresveinane til han og sa: «Dette er ein aud stad, og dagen lid. Send folket frå deg, så dei kan gå bort i landsbyane og kjøpa seg mat.»

16. «Dei treng ikkje gå herifrå», sa Jesus, «de skal gje dei mat!»

17. «Vi har ikkje meir enn fem brød og to fiskar», svara dei.

18. Då sa Jesus: «Kom hit til meg med det!»

19. Så baud han folket setja seg i graset. Og han tok dei fem brøda og dei to fiskane, såg opp mot himmelen og bad takkebøna. Så braut han brøda og gav dei til læresveinane, og læresveinane gav dei til folket.

20. Og alle åt og vart mette. Etterpå samla dei opp dei stykka som var til overs, tolv fulle korger.

21. Dei som hadde ete, var omkring fem tusen menn forutan kvinner og born.

22. Straks etter fekk Jesus læresveinane til å gå i båten og fara føre over til andre sida, medan han tok farvel med folket.

23. Då han hadde gjort det, gjekk han opp i fjellet for å vera for seg sjølv og be.Då det leid til kvelds, var han der åleine.

24. Båten var alt langt frå land og stridde hardt i bølgjene, for vinden bar imot.

Les hele kapitlet Matteus 14