Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 14:1-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. På den tid fekk landsfyrsten Herodes høyra gjetordet om Jesus.

2. Då sa han til tenarane sine: «Det er døyparen Johannes. Han er reist opp frå dei døde, difor er desse kreftene verksame i han.»

3. Herodes hadde gripe Johannes og bunde han og kasta han i fengsel. Dette gjorde han for Herodias' skuld, ho som hadde vore gift med Filip, bror hans.

4. For Johannes hadde sagt til Herodes: «Du har ikkje lov å ha henne.»

5. Herodes ville helst ha drepe han, men han var redd folket; dei heldt Johannes for å vera ein profet.

6. Men då Herodes feira fødselsdagen sin, dansa dotter til Herodias for gjestene. Herodes vart så oppglødd over dette

7. at han med eid lova å gje henne kva ho så bad om.

8. Då fekk mora henne til å seia: «Gjev meg hovudet til døyparen Johannes på eit fat.»

9. Kongen vart sorgfull; men fordi han hadde svore, og av omsyn til gjestene, baud han at ho skulle få det,

10. og han sende folk som skulle hogga hovudet av Johannes i fengselet.

11. Så vart hovudet hans bore inn på eit fat og gjeve til jenta, og ho gjekk til mor si med det.

12. Men læresveinane hans kom og henta liket og gravla det. Sidan gjekk dei til Jesus og fortalde det som hadde hendt.

13. Då Jesus fekk høyra det, gjekk han ut i ein båt og drog derifrå til ein aud stad, så han kunne vera åleine. Men folk fekk vita det, og dei kom etter han til fots frå byane.

14. Då han steig i land, fekk han sjå ei stor folkemengd. Han fekk inderleg medkjensle med dei og lækte dei som var sjuke.

Les hele kapitlet Matteus 14