Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 13:43-58 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

43. Då skal dei rettferdige skina som sola i sin Fars rike. Den som har øyre, høyr!

44. Himmelriket er likt ein skatt som var gøymd i ein åker. Ein mann fann skatten og gøymde han att. Glad som han var, gjekk han bort og selde alt det han eigde, og kjøpte åkeren.

45. Like eins er himmelriket likt ein kjøpmann som leita etter vakre perler.

46. Då han fann ei svært verdfull perle, gjekk han bort og selde alt det han eigde, og kjøpte henne.

47. Like eins er himmelriket likt ei dragnot som vart sett i sjøen og fanga fisk av alle slag.

48. Då ho var full, drog fiskarane henne opp på stranda. Så sette dei seg ned og samla den gode fisken i kar, men den ubrukelege kasta dei ut.

49. Slik skal det gå når enden på verda kjem. Englane skal fara ut og skilja dei vonde frå dei rettferdige

50. og kasta dei i eldomnen, der dei græt og skjer tenner.

51. Har de skjøna alt dette?» «Ja», svara dei.

52. Då sa han til dei: «Difor er kvar skriftlærd som har vorte læresvein av himmelriket, lik ein husherre som hentar fram nytt og gammalt av det han har samla.»

53. Då Jesus var ferdig med å fortelja desse likningane, drog han derifrå

54. og kom til heimstaden sin. Der underviste han folket i synagogen deira så dei vart fulle av undring og spurde: «Kvar har han denne visdomen og desse mektige gjerningane frå?

55. Er ikkje dette son til tømmermannen? Heiter ikkje mor hans Maria? Er ikkje brørne hans Jakob og Josef og Simon og Judas?

56. Og systrene hans, bur dei ikkje her alle saman? Kvar har han så alt dette frå?»

57. Dei vart forarga og avviste han. Men Jesus sa til dei: «Ein profet blir ikkje vanvørd andre stader enn på heimstaden og i sitt eige hus.»

58. Og han gjorde ikkje mange mektige gjerningar der fordi dei var så vantruande.

Les hele kapitlet Matteus 13