Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 13:26-37 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

26. Då kornet voks opp og skaut aks, kom ugraset òg til syne.

27. Tenarane gjekk til jordeigaren og sa: ‘Herre, sådde du ikkje godt korn i åkeren din? Kvar kjem då ugraset frå?’

28. ‘Det har ein fiende gjort’, svara han. ‘Vil du vi skal gå og riva det opp?’ spurde dei.

29. ‘Nei’, svara han, ‘for når de riv opp ugraset, kunne de samstundes koma til å riva opp kveiten.

30. Lat dei begge veksa side om side til hausten. Og når tida for innhaustinga kjem, vil eg seia til dei som haustar inn: Sank først saman ugraset og bunt det i hop til å brennast. Men kveiten skal de samla i låven min.’»

31. Ei likning til sette han fram: «Himmelriket er likt eit sennepsfrø som ein mann tok og sådde i åkeren sin.

32. Det er mindre enn alle andre frø, men når det har vakse opp, er det større enn andre hagevokstrar. Det blir til eit tre, og fuglane under himmelen kjem og byggjer reir i greinene på det.»

33. Endå ei likning fortalde han dei: «Himmelriket er likt ein surdeig som ei kvinne tok og la inn i tre mål med mjøl, til alt var gjennomsyra.»

34. Alt dette sa Jesus til folket i likningar, og han sa ikkje noko til dei utan i likningar.

35. Slik skulle det oppfyllast, det som er tala gjennom profeten: Eg vil opna munnen og tala i likningar, bera fram det som har vore løynt frå verda vart grunnlagd.

36. Så tok Jesus farvel med folket og gjekk inn. Då kom læresveinane til han og sa: «Forklar oss likninga om ugraset i åkeren!»

37. Han svara: «Den som sår det gode kornet, er Menneskesonen.

Les hele kapitlet Matteus 13