Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 13:1-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Same dagen gjekk Jesus ut og sette seg nede ved sjøen.

2. Då samla det seg så mykje folk omkring han at han gjekk ut i ein båt og sat der, medan alt folket stod på stranda.

3. Så tala han til dei i mange likningar og sa:«Ein såmann gjekk ut for å så.

4. Og då han sådde, fall noko attmed vegen, og fuglane kom og åt det opp.

5. Noko fall på steingrunn der det var lite jord, og det skaut straks opp fordi jorda var grunn.

6. Men då sola steig, sveid det av og visna, for det hadde ikkje rot.

7. Noko fall mellom klunger, og klungeren voks opp og kvelte det.

8. Men noko fall i god jord og gav grøde: noko hundre gonger det som var sådd, noko seksti, noko tretti gonger.

9. Den som har øyre, høyr!»

Les hele kapitlet Matteus 13