Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 12:8-27 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. For Menneskesonen er herre over sabbaten.»

9. Så gjekk han derifrå og kom inn i synagogen deira.

10. Der var det ein mann som hadde ei vissen hand, og dei spurde Jesus: «Er det tillate å lækja på sabbaten?» Dei ville ha noko å klaga han for.

11. Han svara: «Om ein av dykk har ein einaste sau, og sauen dett i ei grøft på sabbaten, vil han ikkje då ta tak i sauen og dra han opp?

12. Kor mykje meir verdt er ikkje eit menneske enn ein sau! Difor er det tillate å gjera godt på sabbaten.»

13. Og han sa til mannen: «Rett fram handa!» Han så gjorde, og handa vart god, like frisk som den andre.

14. Men farisearane gjekk ut og la planar mot han for å ta livet av han.

15. Då Jesus fekk vita det, drog han derifrå.Store flokkar følgde han, og han lækte dei alle.

16. Men han baud dei strengt at dei ikkje måtte gjera kjent kven han var,

17. så det skulle oppfyllast, det som er tala gjennom profeten Jesaja:

18. Sjå, min tenar som eg har valt ut, han som eg elskar, i han har eg mi glede. Eg vil leggja min Ande på han, han skal kunngjera retten for folkeslaga.

19. Han skal ikkje tretta og ikkje ropa, og ingen skal høyra hans røyst i gatene.

20. Han skal ikkje bryta eit knekt siv og ikkje sløkkja ein rykande veike før han har ført retten fram til siger.

21. Og til hans namn skal folkeslaga setja si von.

22. Sidan kom dei til han med ein som hadde ei vond ånd og var blind og stum. Jesus gjorde han god att, så han kunne både tala og sjå.

23. Alt folket vart frå seg av undring og sa: «Det skulle vel ikkje vera Davidssonen?»

24. Men då farisearane høyrde det, sa dei: «Han kunne ikkje driva ut dei vonde åndene om det ikkje var ved hjelp av Beelsebul, herskaren deira.»

25. Men Jesus visste kva dei tenkte, og sa til dei: «Kvart rike som ligg i strid med seg sjølv, blir lagt øyde; og ingen by eller heim som kjem i strid med seg sjølv, kan bli ståande.

26. Om no Satan driv ut Satan, så er han komen i strid med seg sjølv. Korleis kan då riket hans bli ståande?

27. Er det ved Beelsebul eg driv ut dei vonde åndene, kven er det då dykkar eigne folk driv ut ånder ved? Difor skal dei dømma dykk.

Les hele kapitlet Matteus 12