Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 12:42-50 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

42. Dronninga frå landet i sør skal stå fram i dommen saman med denne slekta og dømma henne. For ho kom heilt frå ytste enden av jorda og ville høyra Salomos visdom. Og her er meir enn Salomo!

43. Når ei urein ånd fer ut av eit menneske, flakkar ho over tørre vidder og leitar etter ein kvilestad, men finn ingen.

44. Då seier ho: ‘Eg vil fara attende til huset mitt som eg flytte ifrå.’ Og når ho kjem att, finn ho det tomt, feia og pynta.

45. Då fer ho av stad og får med seg sju andre ånder som er verre enn ho sjølv, og dei flytter inn og slår seg til der. Og det siste blir verre for dette mennesket enn det første. Slik kjem det òg til å gå med denne vonde slekta.»

46. Medan han heldt på og tala til folket, kom mor hans og syskena hans. Dei gav seg til utanfor og ville gjerne snakka med han.

47. {{Då var det ein som sa til han: «Mor di og syskena dine står utanfor og vil snakka med deg.»}}

48. Jesus svara han: «Kven er mor mi, og kven er syskena mine?»

49. Så rette han ut handa mot læresveinane sine og sa: «Sjå, her er mor mi og syskena mine!

50. For den som gjer det Far min i himmelen vil, er bror min, syster mi og mor mi.»

Les hele kapitlet Matteus 12