Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 12:25-45 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

25. Men Jesus visste kva dei tenkte, og sa til dei: «Kvart rike som ligg i strid med seg sjølv, blir lagt øyde; og ingen by eller heim som kjem i strid med seg sjølv, kan bli ståande.

26. Om no Satan driv ut Satan, så er han komen i strid med seg sjølv. Korleis kan då riket hans bli ståande?

27. Er det ved Beelsebul eg driv ut dei vonde åndene, kven er det då dykkar eigne folk driv ut ånder ved? Difor skal dei dømma dykk.

28. Men er det ved Guds Ande eg driv ut dei vonde åndene, ja, då har Guds rike nådd fram til dykk.

29. Eller korleis kan nokon gå inn i huset til den sterke og røva det han eig, om han ikkje først har bunde den sterke? Då kan han plyndra huset hans.

30. Den som ikkje er med meg, er imot meg. Og den som ikkje samlar med meg, han spreier.

31. Difor seier eg dykk: All synd og spott skal menneska få tilgjeving for, men spott mot Anden skal ikkje tilgjevast.

32. Den som seier eit ord mot Menneskesonen, skal få tilgjeving. Men den som seier mot Den heilage ande, skal ikkje få tilgjeving, korkje i denne verda eller i den som kjem.

33. Ta eit tre: Anten er det godt, og då er frukta òg god, eller det er dårleg, og då er frukta òg dårleg. På frukta kjenner vi treet.

34. Ormeyngel! Korleis kan de som er vonde, seia noko godt? For det hjartet er fullt av, det seier munnen.

35. Eit godt menneske ber fram godt av det gode han gøymer på, eit vondt menneske ber fram vondt av det vonde han gøymer på.

36. Det seier eg dykk: Kvart unyttig ord som folk seier, skal dei svara for på dommedag.

37. For etter orda dine blir du frikjend, og etter orda dine blir du felt.»

38. Nokre skriftlærde og farisearar tok då til orde og sa: «Meister, vi vil sjå deg gjera eit teikn.»

39. Han svara: «Ei vond og utru slekt krev teikn, men ho skal ikkje få noko anna teikn enn Jona-teiknet.

40. For slik profeten Jona var i buken på den store fisken i tre dagar og tre netter, slik skal Menneskesonen vera tre dagar og tre netter i jorddjupet.

41. Folk frå Ninive skal stå fram i dommen saman med denne slekta og dømma henne. For dei vende om då Jona forkynte bodskapen sin. Og her er meir enn Jona!

42. Dronninga frå landet i sør skal stå fram i dommen saman med denne slekta og dømma henne. For ho kom heilt frå ytste enden av jorda og ville høyra Salomos visdom. Og her er meir enn Salomo!

43. Når ei urein ånd fer ut av eit menneske, flakkar ho over tørre vidder og leitar etter ein kvilestad, men finn ingen.

44. Då seier ho: ‘Eg vil fara attende til huset mitt som eg flytte ifrå.’ Og når ho kjem att, finn ho det tomt, feia og pynta.

45. Då fer ho av stad og får med seg sju andre ånder som er verre enn ho sjølv, og dei flytter inn og slår seg til der. Og det siste blir verre for dette mennesket enn det første. Slik kjem det òg til å gå med denne vonde slekta.»

Les hele kapitlet Matteus 12