Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 12:23-31 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

23. Alt folket vart frå seg av undring og sa: «Det skulle vel ikkje vera Davidssonen?»

24. Men då farisearane høyrde det, sa dei: «Han kunne ikkje driva ut dei vonde åndene om det ikkje var ved hjelp av Beelsebul, herskaren deira.»

25. Men Jesus visste kva dei tenkte, og sa til dei: «Kvart rike som ligg i strid med seg sjølv, blir lagt øyde; og ingen by eller heim som kjem i strid med seg sjølv, kan bli ståande.

26. Om no Satan driv ut Satan, så er han komen i strid med seg sjølv. Korleis kan då riket hans bli ståande?

27. Er det ved Beelsebul eg driv ut dei vonde åndene, kven er det då dykkar eigne folk driv ut ånder ved? Difor skal dei dømma dykk.

28. Men er det ved Guds Ande eg driv ut dei vonde åndene, ja, då har Guds rike nådd fram til dykk.

29. Eller korleis kan nokon gå inn i huset til den sterke og røva det han eig, om han ikkje først har bunde den sterke? Då kan han plyndra huset hans.

30. Den som ikkje er med meg, er imot meg. Og den som ikkje samlar med meg, han spreier.

31. Difor seier eg dykk: All synd og spott skal menneska få tilgjeving for, men spott mot Anden skal ikkje tilgjevast.

Les hele kapitlet Matteus 12