Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 12:1-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. På den tid tok Jesus vegen langsmed kornåkrane på sabbaten. Læresveinane hans var svoltne og tok til å riva av aks og eta.

2. Då farisearane såg det, sa dei til han: «Sjå, læresveinane dine gjer noko som ingen har lov til å gjera på sabbaten!»

3. Men han svara: «Har de ikkje lese kva David gjorde den gongen han svalt, både han og mennene hans?

4. Han gjekk inn i Guds hus, og dei åt skodebrøda, som verken han eller mennene hans hadde lov til å eta, men berre prestane.

5. Eller har de ikkje lese i lova at prestane kvar sabbat bryt sabbaten i tempelet og likevel er utan skuld?

6. Og det seier eg dykk: Her er det som er større enn tempelet!

7. Hadde de skjøna kva som ligg i dette ordet: ‘Det er miskunn eg vil ha, ikkje offer’, så hadde de ikkje dømt dei som er skuldlause.

8. For Menneskesonen er herre over sabbaten.»

9. Så gjekk han derifrå og kom inn i synagogen deira.

10. Der var det ein mann som hadde ei vissen hand, og dei spurde Jesus: «Er det tillate å lækja på sabbaten?» Dei ville ha noko å klaga han for.

Les hele kapitlet Matteus 12