Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 11:7-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

7. Då dei gjekk bort, tok Jesus til å tala til folket om Johannes: «Kva gjekk de ut i øydemarka for å sjå? Eit sivstrå som svaiar i vinden?

8. Nei! Kva gjekk de ut for å sjå? Ein mann med fine klede? Dei som går i fine klede, held til i slotta hos kongane.

9. Kva gjekk de då ut for å sjå? Ein profet? Ja, eg seier dykk: meir enn ein profet!

10. Det er om han dette er skrive: Sjå, eg sender min bodberar føre deg, han skal rydda vegen for deg.

11. Sanneleg, eg seier dykk: Mellom dei som er fødde av kvinner, har det aldri stått fram nokon større enn døyparen Johannes. Men den minste i himmelriket er større enn han.

12. Frå Johannes døyparens dagar og til no trengjer himmelriket seg fram, og dei som trengjer på, riv det til seg.

13. For heilt til Johannes kom, har alle profetane og lova tala om det som skulle henda.

14. Og om de vil ta imot det: Han er den Elia som skulle koma.

15. Den som har øyre, høyr!

16. Men kva skal eg likna denne slekta med? Ho er lik born som sit på torget og ropar til kvarandre:

17. ‘Vi spela på fløyte for dykk,men de ville ikkje dansa.Vi song klagesongar,men de ville ikkje sørgja.’

18. For Johannes kom; han verken åt eller drakk, og folk seier: ‘Han har ei vond ånd i seg.’

19. Menneskesonen kom; han et og drikk, og dei seier: ‘Sjå, for ein storetar og vindrikkar, ven med tollarar og syndarar!’ – Men Visdomen har fått rett, det stadfester gjerningane hennar.»

20. Så tok Jesus til å refsa dei byane der han hadde gjort dei fleste av sine mektige gjerningar, fordi dei ikkje hadde vendt om:

21. «Ve deg, Korasin! Ve deg, Betsaida! Hadde dei mektige gjerningane som er gjorde hos dykk, vore gjorde i Tyros og Sidon, hadde dei for lenge sidan vendt om og kledd seg i sekk og oske.

Les hele kapitlet Matteus 11