Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 11:2-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. I fengselet fekk Johannes høyra om alt Kristus gjorde. Han sende bod med læresveinane sine og spurde:

3. «Er du den som skal koma, eller skal vi venta ein annan?»

4. Jesus svara: «Gå og fortel Johannes kva de høyrer og ser:

5. Blinde ser, og lamme går,spedalske blir reine, og døve høyrer, døde står opp, og den gode bodskapen blir forkynt for fattige.

6. Sæl er den som ikkje fell ifrå på grunn av meg.»

7. Då dei gjekk bort, tok Jesus til å tala til folket om Johannes: «Kva gjekk de ut i øydemarka for å sjå? Eit sivstrå som svaiar i vinden?

8. Nei! Kva gjekk de ut for å sjå? Ein mann med fine klede? Dei som går i fine klede, held til i slotta hos kongane.

9. Kva gjekk de då ut for å sjå? Ein profet? Ja, eg seier dykk: meir enn ein profet!

10. Det er om han dette er skrive: Sjå, eg sender min bodberar føre deg, han skal rydda vegen for deg.

11. Sanneleg, eg seier dykk: Mellom dei som er fødde av kvinner, har det aldri stått fram nokon større enn døyparen Johannes. Men den minste i himmelriket er større enn han.

12. Frå Johannes døyparens dagar og til no trengjer himmelriket seg fram, og dei som trengjer på, riv det til seg.

13. For heilt til Johannes kom, har alle profetane og lova tala om det som skulle henda.

14. Og om de vil ta imot det: Han er den Elia som skulle koma.

15. Den som har øyre, høyr!

Les hele kapitlet Matteus 11