Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 11:1-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Då Jesus hadde fullført talen og sagt det han ville påleggja dei tolv læresveinane sine, drog han derifrå og tok til å undervisa og forkynna kring i byane.

2. I fengselet fekk Johannes høyra om alt Kristus gjorde. Han sende bod med læresveinane sine og spurde:

3. «Er du den som skal koma, eller skal vi venta ein annan?»

4. Jesus svara: «Gå og fortel Johannes kva de høyrer og ser:

5. Blinde ser, og lamme går,spedalske blir reine, og døve høyrer, døde står opp, og den gode bodskapen blir forkynt for fattige.

6. Sæl er den som ikkje fell ifrå på grunn av meg.»

7. Då dei gjekk bort, tok Jesus til å tala til folket om Johannes: «Kva gjekk de ut i øydemarka for å sjå? Eit sivstrå som svaiar i vinden?

Les hele kapitlet Matteus 11