Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 10:32-42 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

32. Kvar den som kjennest ved meg for menneska, skal eg òg kjennast ved for Far min i himmelen.

33. Men den som fornektar meg for menneska, skal eg òg fornekta for Far min i himmelen.

34. Tru ikkje at eg er komen for å skapa fred på jorda. Eg er ikkje komen med fred, men med sverd.

35. Eg er komen for å setja skilje: Son mot far, dotter mot mor, svigerdotter mot svigermor,

36. og ein manns husfolk skal bli fiendane hans.

37. Den som elskar far eller mor meir enn meg, er ikkje verd meg. Den som elskar son eller dotter meir enn meg, er ikkje verd meg.

38. Og den som ikkje tek krossen sin og følgjer etter meg, er ikkje verd meg.

39. Den som finn livet sitt, skal mista det. Men den som mistar livet sitt for mi skuld, skal finna det.

40. Den som tek imot dykk, tek imot meg, og den som tek imot meg, tek imot han som har sendt meg.

41. Den som tek imot ein profet fordi han er profet, skal få ein profets løn, og den som tek imot ein rettferdig fordi han er rettferdig, skal få den rettferdiges løn.

42. Og den som gjev ein av desse små om det så berre er eit beger kaldt vatn fordi han er læresvein – sanneleg, eg seier dykk: Han skal slett ikkje mista si løn!»

Les hele kapitlet Matteus 10