Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 10:21-32 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

21. Bror skal senda bror i døden, og ein far barnet sitt, og born skal reisa seg mot foreldra sine og senda dei i døden.

22. Og alle skal hata dykk for mitt namn skuld. Men den som held ut til enden, skal bli frelst.

23. Men når dei forfølgjer dykk i ein by, så røm til ein annan! Sanneleg, eg seier dykk: De blir ikkje ferdige med byane i Israel før Menneskesonen kjem.

24. Ein lærling står ikkje over meisteren sin, og ein tenar står ikkje over herren sin.

25. Det er nok for ein lærling at han får det som meisteren, og for ein tenar at han får det som herren. Har dei kalla husherren for Beelsebul, kan då husfolket hans venta noko betre?

26. Ver ikkje redde dei! For ingenting er dekt til som ikkje skal bli avdekt, og ingenting er løynt som ikkje skal bli kjent.

27. Det eg seier dykk i mørkret, skal de tala i lyset; det som blir kviskra dykk i øyret, skal de ropa ut frå hustaka.

28. Ver ikkje redde dei som drep kroppen, men ikkje kan drepa sjela. Frykt heller han som kan øydeleggja både sjel og kropp i helvete.

29. Blir ikkje to sporvar selde for ein skilling? Og ikkje ein av dei fell til jorda utan at Far dykkar er der.

30. Ja, kvart hårstrå på hovudet dykkar er talt.

31. Så ver ikkje redde! De er meir verde enn mange sporvar.

32. Kvar den som kjennest ved meg for menneska, skal eg òg kjennast ved for Far min i himmelen.

Les hele kapitlet Matteus 10