Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 10:17-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

17. Ta dykk i vare for folk! For dei skal gje dykk over til domstolane og piska dykk i synagogane.

18. Og for mi skuld skal de førast fram for landshovdingar og kongar og vitna for dei og for heidningane.

19. Men når dei arresterer dykk, så ver ikkje urolege for korleis de skal ordleggja dykk, eller kva de skal seia. Det de skal seia, skal de få i same stunda.

20. For det er ikkje de som talar; det er Anden til Far dykkar som talar gjennom dykk.

21. Bror skal senda bror i døden, og ein far barnet sitt, og born skal reisa seg mot foreldra sine og senda dei i døden.

22. Og alle skal hata dykk for mitt namn skuld. Men den som held ut til enden, skal bli frelst.

23. Men når dei forfølgjer dykk i ein by, så røm til ein annan! Sanneleg, eg seier dykk: De blir ikkje ferdige med byane i Israel før Menneskesonen kjem.

24. Ein lærling står ikkje over meisteren sin, og ein tenar står ikkje over herren sin.

Les hele kapitlet Matteus 10