Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 9:4-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Elia synte seg for dei saman med Moses, og dei snakka med Jesus.

5. Då tok Peter til orde og sa til Jesus: «Rabbi, det er godt at vi er her. Lat oss byggja tre hytter, ei til deg, ei til Moses og ei til Elia.»

6. Han visste ikkje kva han skulle seia, for dei vart så redde.

7. Då kom det ei sky og la skugge over dei, og frå skya kom det ei røyst: «Dette er Son min, han som eg elskar. Høyr han!»

8. Men best dei såg seg omkring, såg dei ingen annan enn Jesus; berre han var hos dei.

9. På vegen ned frå fjellet forbaud han dei å fortelja nokon kva dei hadde sett, før Menneskesonen hadde stått opp frå dei døde.

10. Dei merka seg det ordet og diskuterte med kvarandre kva det er å stå opp frå dei døde.

11. «Kvifor seier dei skriftlærde at først må Elia koma?» spurde dei.

12. Jesus svara: «Elia kjem først og set alt i rett skikk. Kvifor står det så skrive om Menneskesonen at han skal lida mykje og bli vanvørd?

13. Men eg seier dykk: Elia er alt komen, og dei gjorde med han som dei ville, slik det står skrive om han.»

14. Då dei kom tilbake til dei andre læresveinane, såg dei at ei stor folkemengd var samla omkring dei, og nokre skriftlærde som var i ordskifte med dei.

15. Straks folket fekk auge på Jesus, vart dei gripne av otte og undring, og dei sprang imot han og helsa.

16. «Kva er det de er usamde om?» spurde han.

17. Ein i flokken svara: «Meister, eg er komen til deg med son min; han har ei ånd som gjer han stum.

18. Når ho tek tak i han, kastar ho han over ende, skummet står ut av munnen, og han skjer tenner og blir heilt stiv. Eg bad læresveinane dine driva ånda ut, men dei makta det ikkje.»

Les hele kapitlet Markus 9