Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 9:38-50 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

38. Johannes sa til han: «Meister, vi såg ein som dreiv ut vonde ånder i ditt namn. Vi freista hindra han sidan han ikkje var i lag med oss.»

39. Men Jesus sa: «Hindra han ikkje! For ingen som gjer ei mektig gjerning i mitt namn, kan like etter tala vondt om meg.

40. Den som ikkje er imot oss, er med oss.

41. Den som gjev dykk eit beger vatn å drikka fordi de høyrer Kristus til – sanneleg, eg seier dykk: Han skal slett ikkje mista si løn.

42. Den som lokkar til fall ein av desse små som trur på meg, for han var det betre om dei hadde lagt ein kvernstein om halsen på han og kasta han i havet.

43. Om handa di lokkar deg til fall, så hogg henne av! Det er betre for deg at du går lemlesta inn til livet, enn at du har to hender og kjem i helvete, til elden som aldri sloknar,

44. {{der makken deira ikkje døyr og elden ikkje sloknar.}}

45. Og om foten din lokkar deg til fall, så hogg han av! Det er betre for deg at du går halt inn til livet, enn at du har to føter og blir kasta i helvete,

46. {{der makken deira ikkje døyr og elden ikkje sloknar.}}

47. Og om auget ditt lokkar deg til fall, så riv det ut! Det er betre for deg at du går einøygd inn i Guds rike, enn at du har to auge og blir kasta i helvete,

48. der makken deira ikkje døyr og elden ikkje sloknar.

49. For kvart menneske skal saltast med eld, {{og kvart offer skal saltast med salt.}}

50. Salt er ein god ting. Men mistar saltet si kraft, korleis skal de då gjera det salt att? Ha salt i dykk sjølve og hald fred med kvarandre!»

Les hele kapitlet Markus 9