Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 9:32-48 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

32. Men dei skjøna ikkje kva han sa, og dei våga ikkje å spørja han.

33. Så kom dei til Kapernaum. Og då han vel var heime, spurde han dei: «Kva var det de snakka om på vegen?»

34. Dei tagde, for på vegen hadde dei vore usamde om kven som var den største.

35. Då sette han seg, kalla til seg dei tolv og sa til dei: «Om nokon vil vera den første, må han vera den siste av alle og tenar for alle.»

36. Så tok han eit lite barn og sette det midt imellom dei. Han la armen om barnet og sa til dei:

37. «Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg. Og den som tek imot meg, tek ikkje imot meg, men han som har sendt meg.»

38. Johannes sa til han: «Meister, vi såg ein som dreiv ut vonde ånder i ditt namn. Vi freista hindra han sidan han ikkje var i lag med oss.»

39. Men Jesus sa: «Hindra han ikkje! For ingen som gjer ei mektig gjerning i mitt namn, kan like etter tala vondt om meg.

40. Den som ikkje er imot oss, er med oss.

41. Den som gjev dykk eit beger vatn å drikka fordi de høyrer Kristus til – sanneleg, eg seier dykk: Han skal slett ikkje mista si løn.

42. Den som lokkar til fall ein av desse små som trur på meg, for han var det betre om dei hadde lagt ein kvernstein om halsen på han og kasta han i havet.

43. Om handa di lokkar deg til fall, så hogg henne av! Det er betre for deg at du går lemlesta inn til livet, enn at du har to hender og kjem i helvete, til elden som aldri sloknar,

44. {{der makken deira ikkje døyr og elden ikkje sloknar.}}

45. Og om foten din lokkar deg til fall, så hogg han av! Det er betre for deg at du går halt inn til livet, enn at du har to føter og blir kasta i helvete,

46. {{der makken deira ikkje døyr og elden ikkje sloknar.}}

47. Og om auget ditt lokkar deg til fall, så riv det ut! Det er betre for deg at du går einøygd inn i Guds rike, enn at du har to auge og blir kasta i helvete,

48. der makken deira ikkje døyr og elden ikkje sloknar.

Les hele kapitlet Markus 9