Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 9:20-33 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

20. Dei førte guten bort til han, og med det same ånda fekk sjå Jesus, reiv og sleit ho i guten så han fall til jorda og velte seg med skum om munnen.

21. «Kor lenge har han hatt det slik?» spurde Jesus. «Frå han var liten», svara faren.

22. «Ofte har ånda kasta han både i eld og i vatn for å ta livet av han. Men om du kan, så ha medkjensle med oss og hjelp oss!»

23. «Om eg kan?» svara Jesus. «Alt er mogleg for den som trur.»

24. Straks ropa faren: «Eg trur, hjelp mi vantru!»

25. Då Jesus såg folk strøyma til, truga han den ureine ånda og sa: «Du stumme og døve ånd, eg byd deg: Far ut av han, og kom aldri meir tilbake!»

26. Då skreik ho høgt, reiv og sleit i han og fór ut. Guten låg livlaus, og alle sa at han var død.

27. Men Jesus tok han i handa og hjelpte han opp, og han reiste seg.

28. Då Jesus var komen i hus og læresveinane var åleine med han, spurde dei: «Kvifor kunne ikkje vi driva ut den ånda?»

29. Han svara: «Dette slaget kan berre drivast ut med bøn {{og faste}}.»

30. Dei drog ut derifrå og la vegen gjennom Galilea. Han ville ikkje at nokon skulle vita om det,

31. for han heldt på å undervisa læresveinane sine. Han sa til dei: «Menneskesonen skal gjevast over i hendene på menneske; dei skal slå han i hel. Tre dagar etter skal han stå opp att.»

32. Men dei skjøna ikkje kva han sa, og dei våga ikkje å spørja han.

33. Så kom dei til Kapernaum. Og då han vel var heime, spurde han dei: «Kva var det de snakka om på vegen?»

Les hele kapitlet Markus 9