Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 9:2-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. Seks dagar etter tok Jesus med seg Peter, Jakob og Johannes og førte dei opp på eit høgt fjell, der dei var åleine. Då vart han forvandla for auga deira,

3. og kleda hans vart så skinande kvite at ingen som bleikjer klede her på jorda, kan få dei så kvite.

4. Elia synte seg for dei saman med Moses, og dei snakka med Jesus.

5. Då tok Peter til orde og sa til Jesus: «Rabbi, det er godt at vi er her. Lat oss byggja tre hytter, ei til deg, ei til Moses og ei til Elia.»

6. Han visste ikkje kva han skulle seia, for dei vart så redde.

7. Då kom det ei sky og la skugge over dei, og frå skya kom det ei røyst: «Dette er Son min, han som eg elskar. Høyr han!»

8. Men best dei såg seg omkring, såg dei ingen annan enn Jesus; berre han var hos dei.

Les hele kapitlet Markus 9