Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 9:10-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. Dei merka seg det ordet og diskuterte med kvarandre kva det er å stå opp frå dei døde.

11. «Kvifor seier dei skriftlærde at først må Elia koma?» spurde dei.

12. Jesus svara: «Elia kjem først og set alt i rett skikk. Kvifor står det så skrive om Menneskesonen at han skal lida mykje og bli vanvørd?

13. Men eg seier dykk: Elia er alt komen, og dei gjorde med han som dei ville, slik det står skrive om han.»

14. Då dei kom tilbake til dei andre læresveinane, såg dei at ei stor folkemengd var samla omkring dei, og nokre skriftlærde som var i ordskifte med dei.

15. Straks folket fekk auge på Jesus, vart dei gripne av otte og undring, og dei sprang imot han og helsa.

16. «Kva er det de er usamde om?» spurde han.

17. Ein i flokken svara: «Meister, eg er komen til deg med son min; han har ei ånd som gjer han stum.

18. Når ho tek tak i han, kastar ho han over ende, skummet står ut av munnen, og han skjer tenner og blir heilt stiv. Eg bad læresveinane dine driva ånda ut, men dei makta det ikkje.»

19. Då sa Jesus til dei: «Du vantruande slekt! Kor lenge skal eg vera hos dykk? Kor lenge skal eg halda ut med dykk? Kom hit til meg med han!»

20. Dei førte guten bort til han, og med det same ånda fekk sjå Jesus, reiv og sleit ho i guten så han fall til jorda og velte seg med skum om munnen.

21. «Kor lenge har han hatt det slik?» spurde Jesus. «Frå han var liten», svara faren.

Les hele kapitlet Markus 9