Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 7:14-28 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

14. Så kalla han folket saman att og sa: «Høyr på meg alle, og forstå!

15. Ikkje noko av det som kjem inn i mennesket utanfrå, kan gjera det ureint. Nei, det er det som går ut av mennesket, som gjer mennesket ureint.

16. {{Den som har øyre å høyra med, høyr!}}»

17. Då han var komen i hus, bort frå folket, spurde læresveinane han om likninga.

18. «Forstår de ikkje noko, de heller?» sa han. «Skjønar de ikkje at ingen ting av det som kjem inn i mennesket utanfrå, kan gjera det ureint?

19. Det kjem då ikkje inn i hjartet, men fer ned i magen og ut dit det skal.» Dermed slo han fast at all mat er rein.

20. Og han la til: «Det er det som går ut av mennesket, som gjer mennesket ureint.

21. For innanfrå, frå menneskehjartet, kjem dei vonde tankane: hor, tjuveri, mord,

22. ekteskapsbrot, eigesjuke, vondskap, svik, utukt, misunnelege auge, spott, hovmod, vitlaus ferd.

23. All denne vondskapen kjem innanfrå og gjer mennesket ureint.»

24. Så tok han ut derifrå og fór til Tyros-området. Der gjekk han inn i eit hus og ville ikkje at nokon skulle vita det. Men det kunne ikkje haldast løynt.

25. Ei kvinne der på staden hadde ei dotter som hadde ei urein ånd i seg. Då ho fekk høyra om Jesus, kom ho straks og kasta seg ned for føtene hans.

26. Denne kvinna var gresktalande, av syrisk-fønikisk ætt. Og ho bad han driva den vonde ånda ut av dotter hennar.

27. Men Jesus sa til henne: «Lat først borna få eta seg mette. Det er ikkje rett å ta brødet frå borna og kasta det til hundane.»

28. «Det er sant, Herre», svara ho, «men hundane under bordet et då smulane etter borna.»

Les hele kapitlet Markus 7