Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 7:1-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Farisearane og nokre skriftlærde som var komne frå Jerusalem, samla seg om Jesus.

2. Då la dei merke til at nokre av læresveinane hans åt med ureine hender, det vil seia utan å skylja dei.

3. For farisearane og alle andre jødar heller litt vatn over hendene før dei et. Slik held dei fast ved overleveringa frå dei gamle.

4. Og når dei kjem frå torget, et dei ikkje noko utan å ha teke eit reinsingsbad. Dei har òg mange andre skikkar som dei har overteke og held fast på, så som å dyppa skåler og krus og kjelar i vatn.

5. Difor spurde farisearane og dei skriftlærde han: «Kvifor følgjer ikkje læresveinane dine overleveringa frå dei gamle, men et med vanheilage hender?»

6. Då sa Jesus: «Jesaja profeterte rett om dykk, hyklarar, slik det står skrive: Dette folket ærar meg med leppene, men hjartet er langt borte frå meg.

7. Fåfengt dyrkar dei meg, for det dei lærer, er menneskebod.

Les hele kapitlet Markus 7