Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 6:22-36 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

22. Då kom dotter til Herodias inn og dansa. Herodes og gjestene vart så oppglødde over dette at kongen sa til jenta: «Be meg om kva du vil, så skal eg gje deg det.»

23. Han svor på det og sa: «Kva du enn bed meg om, skal du få, om det så er halve kongeriket mitt.»

24. Ho gjekk ut og spurde mor si: «Kva skal eg be om?» «Hovudet til døyparen Johannes», svara ho.

25. Straks skunda ho seg inn til kongen og bar fram ønsket sitt: «Eg vil at du no med det same skal gje meg hovudet til døyparen Johannes på eit fat.»

26. Kongen vart svært sorgfull, men fordi han hadde svore, og av omsyn til gjestene, ville han ikkje seia nei til henne.

27. Han sende straks ein bøddel i veg med bod om å henta hovudet til Johannes. Bøddelen gjekk og hogg hovudet av Johannes i fengselet.

28. Så kom han med hovudet på eit fat og lét jenta få det, og ho gav det til mor si.

29. Då læresveinane hans fekk høyra dette, kom dei og henta liket og la det i ei grav.

30. Apostlane samla seg atter hos Jesus og fortalde han om alt dei hadde gjort, og alt dei hadde lært folket.

31. Då sa han til dei: «Kom med meg til ein aud stad der vi kan vera åleine, og kvil dykk litt!» For det var så mange som kom og gjekk at dei fekk ikkje tid til å eta eingong.

32. Så drog dei ut med båten til ein aud stad for å vera for seg sjølve.

33. Men mange såg at dei drog bort, og kjende dei att, og frå alle byane kom folk springande og nådde fram før dei.

34. Då Jesus steig i land, fekk han sjå ei stor folkemengd. Han fekk inderleg medkjensle med dei, for dei var som sauer utan gjetar. Og han gav seg til å undervisa dei om mange ting.

35. Men då det leid langt på dag, kom læresveinane til han og sa: «Dette er ein aud stad, og dagen lid.

36. Send folket frå deg, så dei kan gå bort i grendene og landsbyane her omkring og kjøpa seg noko å eta.»

Les hele kapitlet Markus 6