Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 6:15-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

15. Andre sa: «Han er Elia», og endå andre: «Han er ein profet, som ein av dei gamle profetane.»

16. Men då Herodes høyrde det, sa han: «Det er Johannes, han som eg lét halshogga. Han er vekt opp att.»

17. For Herodes hadde sendt ut folk for å gripa Johannes, kasta han i fengsel og binda han. Dette gjorde han for Herodias' skuld. Henne hadde Herodes gift seg med, endå ho var kona til Filip, bror hans.

18. Og Johannes hadde sagt til han: «Du har ikkje lov til å ha kona til bror din.»

19. Difor var Herodias ute etter han og ville få han drepen, men ho greidde det ikkje.

20. For Herodes hadde respekt for Johannes; han visste at han var ein rettferdig og heilag mann, og han heldt si hand over han. Når han høyrde Johannes, vart han uroleg og rådvill. Likevel høyrde han gjerne på han.

21. Men så baud det seg eit høve: På åremålsdagen sin heldt Herodes eit festmåltid for stormennene sine og for offiserane og dei fremste i Galilea.

22. Då kom dotter til Herodias inn og dansa. Herodes og gjestene vart så oppglødde over dette at kongen sa til jenta: «Be meg om kva du vil, så skal eg gje deg det.»

23. Han svor på det og sa: «Kva du enn bed meg om, skal du få, om det så er halve kongeriket mitt.»

24. Ho gjekk ut og spurde mor si: «Kva skal eg be om?» «Hovudet til døyparen Johannes», svara ho.

Les hele kapitlet Markus 6