Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 6:1-6 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Sidan gjekk han derifrå og kom til heimstaden sin, og læresveinane følgde han.

2. Då sabbaten kom, tok han til å undervisa i synagogen. Mange som høyrde han, var fulle av undring og sa: «Kvar har han dette frå? Kva er det for ein visdom han har fått? Og slike mektige gjerningar som han gjer!

3. Er ikkje dette tømmermannen, son til Maria og bror til Jakob og Joses og Judas og Simon? Og bur ikkje systrene hans her hos oss?» Og dei vart forarga og avviste han.

4. Men Jesus sa til dei: «Ein profet blir ikkje vanvørd andre stader enn på heimstaden sin, hos slektningane sine og i sitt eige hus.»

5. Han kunne ikkje gjera noka mektig gjerning der; han berre la hendene på nokre få sjuke og lækte dei.

6. Og han undra seg over at dei var så vantruande.Så drog han rundt i landsbyane der omkring og underviste.

Les hele kapitlet Markus 6