Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 5:15-30 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

15. Då dei kom fram til Jesus, fekk dei sjå han som hadde hatt alle dei vonde åndene i seg, sitja der påkledd og med sitt fulle vit. Då vart dei redde.

16. Dei som hadde sett på, fortalde korleis det hadde bore til med han som hadde hatt dei vonde åndene, og med grisene.

17. Då bad dei Jesus dra bort frå området deira.

18. Jesus gjekk i båten, og han som hadde hatt dei vonde åndene, bad om å få vera med han.

19. Men Jesus gav han ikkje lov til det. Han sa: «Gå heim til dine og fortel kor store ting Herren har gjort for deg, og kor god han har vore mot deg.»

20. Så gjekk han av stad og tok til å fortelja rundt omkring i Dekapolis om alt det Jesus hadde gjort for han. Og alle undra seg.

21. Då Jesus var komen over til andre sida att med båten, samla mykje folk seg om han. Medan han var nede ved sjøen,

22. kom ein av synagogeforstandarane; han heitte Jairus. Då han fekk sjå Jesus, kasta han seg ned for føtene hans

23. og bad han inderleg: «Dotter mi held på å døy. Kom og legg hendene på henne så ho kan bli frisk og få leva.»

24. Jesus gjekk med han, og ein stor folkehop følgde etter og trengde seg innpå han.

25. Det var ei kvinne der som hadde hatt blødingar i tolv år.

26. Ho hadde lide mykje hos mange legar, og ho hadde brukt alt ho eigde, utan å få hjelp; det hadde heller vorte verre med henne.

27. Ho hadde fått høyra om Jesus, og no kom ho bakanfrå i folkemengda og rørte ved kappa hans.

28. For ho tenkte: «Om eg så berre får ta i kleda hans, blir eg frisk.»

29. Då stansa blodet med ein gong, og ho kjende det på seg at ho var lækt og kvitt plaga.

30. Med det same kjende Jesus at det gjekk ei kraft ut frå han, og han snudde seg i mengda og spurde: «Kven var det som rørte ved kleda mine?»

Les hele kapitlet Markus 5