Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 5:12-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. og dei ureine åndene bad han: «Send oss bort til grisene, så vi kan fara inn i dei!»

13. Det lét han dei gjera. Då fór dei ureine åndene ut av mannen og inn i grisene, og flokken, om lag to tusen dyr, sette utfor stupet og ned i sjøen, og der drukna dei.

14. Dei som gjette grisene, sprang av stad og fortalde om det i byen og grendene omkring. Og folk drog ut og ville sjå kva som hadde hendt.

15. Då dei kom fram til Jesus, fekk dei sjå han som hadde hatt alle dei vonde åndene i seg, sitja der påkledd og med sitt fulle vit. Då vart dei redde.

16. Dei som hadde sett på, fortalde korleis det hadde bore til med han som hadde hatt dei vonde åndene, og med grisene.

17. Då bad dei Jesus dra bort frå området deira.

18. Jesus gjekk i båten, og han som hadde hatt dei vonde åndene, bad om å få vera med han.

19. Men Jesus gav han ikkje lov til det. Han sa: «Gå heim til dine og fortel kor store ting Herren har gjort for deg, og kor god han har vore mot deg.»

20. Så gjekk han av stad og tok til å fortelja rundt omkring i Dekapolis om alt det Jesus hadde gjort for han. Og alle undra seg.

21. Då Jesus var komen over til andre sida att med båten, samla mykje folk seg om han. Medan han var nede ved sjøen,

22. kom ein av synagogeforstandarane; han heitte Jairus. Då han fekk sjå Jesus, kasta han seg ned for føtene hans

23. og bad han inderleg: «Dotter mi held på å døy. Kom og legg hendene på henne så ho kan bli frisk og få leva.»

24. Jesus gjekk med han, og ein stor folkehop følgde etter og trengde seg innpå han.

Les hele kapitlet Markus 5