Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 5:1-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Så kom dei over til andre sida av sjøen, til Gerasenar-landet.

2. Då Jesus steig ut av båten, kom det straks ein mann imot han frå gravhòlene. Han hadde ei urein ånd i seg

3. og heldt til der i gravene. Ingen greidde å binda han lenger, ikkje eingong med lenkjer.

4. For han hadde ofte vore bunden, både med fotjern og lenkjer, men han hadde rive lenkjene av seg og sprengt fotjerna, og det var ingen som rådde med han.

5. Natt og dag var han i gravhòlene og i fjella og skreik og skamslo seg sjølv med steinar.

6. Då han no fekk sjå Jesus langt borte, kom han springande, kasta seg ned for han

7. og ropa høgt: «Kva vil du meg, Jesus, du Son av Gud, Den høgste? Eg byd deg ved Gud: Pin meg ikkje!»

8. For Jesus hadde sagt til han: «Far ut av mannen, du ureine ånd!»

9. No spurde Jesus han: «Kva er namnet ditt?» «Legion er namnet mitt», svara han, «for vi er mange.»

Les hele kapitlet Markus 5