Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 4:8-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Men noko fall i god jord. Det skaut opp, voks og gav grøde: tretti, seksti, ja, hundre gonger det som var sådd.»

9. Og han sa: «Den som har øyre å høyra med, høyr!»

10. Då han vart åleine med dei tolv og dei andre som var med han, spurde dei han om likningane.

11. Han svara: «Til dykk er løyndomen om Guds rike gjeven. Men til dei som er utanfor, blir alt gjeve i likningar,

12. for at dei skal sjå og sjå, men ikkje skilja, høyra og høyra, men ikkje forstå, så dei ikkje vender om og får tilgjeving.»

13. Og han sa til dei: «Når de ikkje skjønar denne likninga, korleis kan de då i det heile skjøna likningar?

14. Såmannen sår ordet.

Les hele kapitlet Markus 4