Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 4:33-40 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

33. Med mange slike likningar tala han ordet til dei, så mykje dei var i stand til å høyra.

34. Utan likningar tala han ikkje til folket. Men når han var åleine med læresveinane sine, forklara han alt for dei.

35. Då det leid til kvelds same dagen, sa han til dei: «Lat oss fara over til andre sida av sjøen.»

36. Dei lét folkemengda bli att og tok han med seg i båten der han sat. Andre båtar følgde òg med.

37. Då kom det ein hard kvervelstorm, og bølgjene slo inn i båten så han heldt på å gå full.

38. Jesus låg i bakskuten og sov på ei pute. Dei vekte han og sa: «Meister, bryr du deg ikkje om at vi går under?»

39. Då reiste han seg, truga vinden og sa til sjøen: «Tei og ver still!» Då gav vinden seg, og det vart blikande stilt.

40. Og han sa til dei: «Kvifor er de så redde? Trur de enno ikkje?»

Les hele kapitlet Markus 4