Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 4:32-37 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

32. Men når det er sådd, skyt det opp og blir større enn alle hagevokstrar og får så store greiner at fuglane under himmelen kan byggja reir i skuggen av det.»

33. Med mange slike likningar tala han ordet til dei, så mykje dei var i stand til å høyra.

34. Utan likningar tala han ikkje til folket. Men når han var åleine med læresveinane sine, forklara han alt for dei.

35. Då det leid til kvelds same dagen, sa han til dei: «Lat oss fara over til andre sida av sjøen.»

36. Dei lét folkemengda bli att og tok han med seg i båten der han sat. Andre båtar følgde òg med.

37. Då kom det ein hard kvervelstorm, og bølgjene slo inn i båten så han heldt på å gå full.

Les hele kapitlet Markus 4