Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 4:19-23 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

19. men uroa for dette livet og den svikefulle rikdomen og lysta på alle andre ting kjem inn og kveler ordet, så det ikkje gjev grøde.

20. Men dei som var sådde i den gode jorda, det er dei som høyrer ordet og tek imot det og gjev grøde: tretti, seksti, ja, hundre gonger det som var sådd.»

21. Sidan sa han til dei: «Når dei kjem inn med ei oljelampe, set dei henne då under eit kar eller under senga? Set dei ikkje lampa på ein haldar?

22. For ingenting er løynt utan at det skal bli synleg, og ingenting er gøymt utan at det skal koma for dagen.

23. Om nokon har øyre å høyra med, så høyr!»

Les hele kapitlet Markus 4