Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 4:11-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Han svara: «Til dykk er løyndomen om Guds rike gjeven. Men til dei som er utanfor, blir alt gjeve i likningar,

12. for at dei skal sjå og sjå, men ikkje skilja, høyra og høyra, men ikkje forstå, så dei ikkje vender om og får tilgjeving.»

13. Og han sa til dei: «Når de ikkje skjønar denne likninga, korleis kan de då i det heile skjøna likningar?

14. Såmannen sår ordet.

15. Dei attmed vegen, det er dei som ordet blir sådd i, men når dei har høyrt det, kjem Satan straks og tek bort ordet som var sådd i dei.

16. Like eins dei som var sådde på steingrunn. Det er dei som tek imot ordet med glede så snart dei får høyra det.

17. Men dei har inga rot og held ut berre ei stund. Når dei møter motgang eller forfølging for ordet skuld, fell dei straks ifrå.

18. Andre var sådde mellom klunger. Det er dei som høyrer ordet,

19. men uroa for dette livet og den svikefulle rikdomen og lysta på alle andre ting kjem inn og kveler ordet, så det ikkje gjev grøde.

20. Men dei som var sådde i den gode jorda, det er dei som høyrer ordet og tek imot det og gjev grøde: tretti, seksti, ja, hundre gonger det som var sådd.»

Les hele kapitlet Markus 4