Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 4:1-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Jesus tok igjen til å undervisa folket nede ved sjøen. Då samla det seg så mykje folk omkring han at han gjekk ut i ein båt og sat i den utpå sjøen, medan heile folkemengda stod inne på stranda.

2. Han underviste dei om mange ting og la fram læra si i likningar.

3. «Høyr!» sa han. «Ein såmann gjekk ut for å så.

4. Og då han sådde, fall noko attmed vegen, og fuglane kom og åt det opp.

5. Noko fall på steingrunn, der det var lite jord, og det skaut opp straks fordi det var så grunt.

6. Men då sola steig, sveid det av og visna, for det hadde ikkje rot.

7. Noko fall mellom klunger, og klungeren voks opp og kvelte det, så det ikkje gav grøde.

8. Men noko fall i god jord. Det skaut opp, voks og gav grøde: tretti, seksti, ja, hundre gonger det som var sådd.»

Les hele kapitlet Markus 4