Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 4:1-5 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Jesus tok igjen til å undervisa folket nede ved sjøen. Då samla det seg så mykje folk omkring han at han gjekk ut i ein båt og sat i den utpå sjøen, medan heile folkemengda stod inne på stranda.

2. Han underviste dei om mange ting og la fram læra si i likningar.

3. «Høyr!» sa han. «Ein såmann gjekk ut for å så.

4. Og då han sådde, fall noko attmed vegen, og fuglane kom og åt det opp.

5. Noko fall på steingrunn, der det var lite jord, og det skaut opp straks fordi det var så grunt.

Les hele kapitlet Markus 4