Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 3:4-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Så spurde han dei andre: «Kva har ein lov til på sabbaten? Å gjera godt eller gjera vondt, berga liv eller drepa?» Men dei svara ikkje.

5. Då såg han på dei som stod omkring, harm og sorgfull fordi dei hadde så harde hjarte. Og han sa til mannen: «Rett fram handa!» Mannen så gjorde, og handa hans vart god att.

6. Men farisearane gjekk ut, og saman med herodianarane tok dei straks til å leggja planar mot Jesus for å ta livet av han.

7. Så drog Jesus med læresveinane sine ned til sjøen, og ein stor folkehop frå Galilea følgde han. Og frå Judea

8. og Jerusalem, frå Idumea og landet bortanfor Jordan og frå bygdene kring Tyros og Sidon kom dei til han i store flokkar, for dei hadde høyrt om alt han gjorde.

9. Då sa han til læresveinane at dei skulle halda ein båt klar for han, om folket skulle trengja for hardt innpå han.

10. For han lækte mange, så alle som hadde plager, trengde seg fram for å røra ved han.

11. Og når dei ureine åndene såg han, kasta dei seg ned for han og ropa: «Du er Guds Son!»

12. Men han truga dei og forbaud dei strengt å gjera kjent kven han var.

13. Så gjekk Jesus opp i fjellet. Han kalla til seg dei han ville, og dei kom til han.

14. Han peika ut tolv, {{som han òg kalla apostlar,}} for at dei skulle vera med han, og for at han kunne senda dei ut for å forkynna

15. og ha makt til å driva ut vonde ånder.

16. {{Han peika ut dei tolv:}} Det var Simon, som han kalla Peter,

17. Jakob, son til Sebedeus, og Johannes, bror hans – desse to kalla han Boanerges, det tyder toresøner –

Les hele kapitlet Markus 3