Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 3:24-33 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

24. Kjem eit rike i strid med seg sjølv, kan det riket ikkje bli ståande,

25. og kjem eit hus i strid med seg sjølv, kan det huset ikkje bli ståande.

26. Har no Satan sett seg opp mot seg sjølv og er komen i strid med seg sjølv, kan han ikkje stå seg. Det er ute med han.

27. Men ingen kan gå inn i huset til den sterke og røva det han eig, om han ikkje først har bunde den sterke. Då kan han plyndra huset hans.

28. Sanneleg, eg seier dykk: Alt skal menneska få tilgjeving for, både synder og spott, kor mykje dei enn spottar.

29. Men den som spottar Den heilage ande, får i all æve ikkje tilgjeving, men er skuldig i evig synd.»

30. Dette sa han fordi dei hadde sagt: «Han har ei urein ånd i seg.»

31. Då kom Jesu mor og syskena hans. Dei vart ståande utanfor, men sende bod inn og bad han koma ut.

32. Det sat ein stor flokk omkring han, og dei sa til han: «Mor di og brørne dine {{og systrene dine}} står utanfor og spør etter deg.»

33. Jesus svara: «Kven er mor mi og syskena mine?»

Les hele kapitlet Markus 3