Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 2:2-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. Det samla seg så mange at dei ikkje fekk rom, ikkje framfor døra eingong. Og han forkynte Ordet for dei.

3. Då kom dei til han med ein som var lam. Det var fire mann som bar han.

4. Men sidan dei ikkje kunne koma fram til han for alt folket, braut dei opp taket over den staden der Jesus var, laga ei opning og firte ned båra som den lamme låg på.

5. Då Jesus såg trua deira, sa han til den lamme: «Son, syndene dine er tilgjevne.»

6. No sat det nokre skriftlærde der. Dei tenkte i hjartet:

7. «Korleis kan han seia noko slikt? Han spottar Gud! Kven andre kan tilgje synder enn éin – det er Gud?»

8. Straks visste Jesus i ånda at dei tenkte slik, og han sa til dei: «Kvifor går de med slike tankar i hjartet?

9. Kva er lettast å seia til den lamme: ‘Syndene dine er tilgjevne’ eller: ‘Stå opp, ta båra di og gå’?

10. Men for at de skal vita at Menneskesonen har makt på jorda til å tilgje synder» – og no talar han til den lamme –

11. «så seier eg deg: Stå opp, ta båra di og gå heim!»

12. Då reiste mannen seg, tok straks båra si og gjekk ut framfor dei alle, så dei vart reint frå seg av undring. Dei lova Gud og sa: «Noko slikt har vi aldri sett.»

13. Jesus gjekk ut langsmed sjøen att. Der kom det mykje folk til han, og han underviste dei.

14. Då han gjekk vidare, fekk han sjå Levi, son til Alfeus, som sat på tollbua. Jesus sa til han: «Følg meg!» Då reiste han seg og følgde han.

15. Sidan var Jesus gjest i huset hans, og mange tollarar og syndarar var til bords saman med Jesus og læresveinane hans, for det var mange som følgde han.

16. Då dei skriftlærde mellom farisearane såg at han åt saman med syndarar og tollarar, sa dei til læresveinane: «Et han saman med tollarar og syndarar?»

17. Jesus høyrde det og sa til dei: «Det er ikkje dei friske som treng lege, men dei som har vondt. Eg er ikkje komen for å kalla rettferdige, men syndarar.»

Les hele kapitlet Markus 2