Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 2:18-28 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

18. Farisearane og læresveinane til Johannes heldt faste. Folk kom og spurde Jesus: «Kvifor fastar ikkje dine læresveinar når læresveinane til Johannes og læresveinane til farisearane gjer det?»

19. «Kan vel bryllaupsgjestene fasta medan brudgomen er hos dei?» svara Jesus. «Så lenge dei har brudgomen hos seg, kan dei ikkje fasta.

20. Men det skal koma ei tid då brudgomen blir teken frå dei, og når den dagen kjem, då skal dei fasta.

21. Ingen syr ein lapp av ukrympa tøy på eit gammalt klesplagg. For då riv den nye bota med seg eit stykke av det gamle plagget, og rifta blir verre.

22. Og ingen fyller ny vin i gamle skinnsekker. For då sprengjer vinen sekkene, vinen renn ut, og sekkene blir øydelagde. Nei, ny vin i nye skinnsekker!»

23. Ein gong Jesus gjekk langsmed kornåkrane på sabbaten, tok læresveinane hans til å riva av aks medan dei gjekk.

24. Då sa farisearane til han: «Sjå, kvifor gjer dei slikt som ingen har lov til på sabbaten?»

25. Han svara: «Har de aldri lese kva David gjorde då han var i naud og både han og mennene hans svalt?

26. Han gjekk inn i Guds hus den tid Abjatar var øvsteprest, og åt skodebrøda, dei som berre prestane har lov til å eta. Han gav òg til dei som var med han.»

27. Og Jesus sa til dei: «Sabbaten vart til for mennesket og ikkje mennesket for sabbaten.

28. Difor er Menneskesonen herre over sabbaten òg.»

Les hele kapitlet Markus 2