Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 2:1-4 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Nokre dagar seinare kom Jesus til Kapernaum att, og det vart kjent at han var heime.

2. Det samla seg så mange at dei ikkje fekk rom, ikkje framfor døra eingong. Og han forkynte Ordet for dei.

3. Då kom dei til han med ein som var lam. Det var fire mann som bar han.

4. Men sidan dei ikkje kunne koma fram til han for alt folket, braut dei opp taket over den staden der Jesus var, laga ei opning og firte ned båra som den lamme låg på.

Les hele kapitlet Markus 2