Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 16:11-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Men då dei fekk høyra at han levde, og at ho hadde sett han, trudde dei det ikkje.

12. Sidan synte han seg i ein annan skapnad for to av dei medan dei var på veg ut på landet.

13. Dei òg kom og sa det til dei andre, men dei vart heller ikkje trudde.

14. Til sist synte han seg for dei elleve medan dei var til bords. Han refsa dei fordi dei var så vantru og hardhjarta, og fordi dei ikkje trudde på dei som hadde sett at han var stått opp.

15. Han sa til dei: «Gå ut i all verda og forkynn evangeliet for alt som Gud har skapt!

16. Den som trur og blir døypt, skal bli frelst. Men den som ikkje trur, skal bli fordømd.

17. Og desse teikna skal følgja dei som trur: I mitt namn skal dei driva ut vonde ånder, dei skal tala nye tungemål,

18. dei skal ta ormar i hendene, og om dei drikk dødeleg gift, skal det ikkje skada dei. Dei skal leggja hendene på sjuke så dei blir friske.»

19. Etter at Herren Jesus hadde sagt dette til dei, vart han teken opp til himmelen og sette seg ved Guds høgre hand.

20. Men dei gjekk ut og forkynte alle stader. Herren sjølv var hos dei og stadfeste Ordet med dei teikna som følgde med.}}

Les hele kapitlet Markus 16