Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 16:1-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Då sabbaten var til ende, kjøpte Maria Magdalena og Maria, mor til Jakob, og Salome angande olje, for dei ville gå og salva han.

2. Tidleg om morgonen første dagen i veka kom dei til grava med det same sola rann.

3. Dei sa seg imellom: «Kven skal vi få til å rulla steinen frå gravopninga?»

4. Men då dei såg opp, fekk dei sjå at steinen var rulla til sides. Han var svært stor.

5. Då dei kom inn i grava, såg dei ein ung mann som sat på høgre sida, kledd i ein lang, kvit kjortel. Dei vart gripne av otte og undring,

6. men han sa til dei: «Ver ikkje redde! De leitar etter Jesus frå Nasaret, den krossfeste. Han er stått opp, han er ikkje her. Sjå her er staden der dei la han!

7. Men gå av stad og sei til læresveinane hans og til Peter: ‘Han går føre dykk til Galilea. Der skal de få sjå han, slik han har sagt dykk.’»

8. Då gjekk dei ut att og rømde frå grava, skjelvande og frå seg av redsle. Og dei sa ikkje eit ord til nokon, for dei var redde.

Les hele kapitlet Markus 16