Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 15:34-47 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

34. Ved den niande timen ropa Jesus med høg røyst:«Eloï, Eloï, lemá sabaktáni?»Det tyder: «Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?»

35. Nokre av dei som stod der, høyrde det og sa: «Høyr, han ropar på Elia.»

36. Då sprang det ein fram og fylte ein svamp med vineddik, sette han på ei stong og ville la Jesus få drikka. «Vent», sa han, «lat oss sjå om Elia kjem og tek han ned.»

37. Men Jesus ropa høgt og anda ut.

38. Då rivna forhenget i tempelet i to, ovanfrå og heilt ned.

39. Og då offiseren som stod midt framfor Jesus, såg korleis han anda ut, sa han: «Denne mannen var verkeleg Guds Son!»

40. Det var òg nokre kvinner der som stod langt unna og såg på. Mellom dei var Maria Magdalena, Salome og Maria, mor til Jakob den yngre og Joses.

41. Dei hadde følgt Jesus og tent han då han var i Galilea. Det stod òg mange andre kvinner der, som hadde vore med han opp til Jerusalem.

42. Det var førebuingsdagen, som er dagen før sabbaten, og det leid alt mot kveld.

43. Josef frå Arimatea, ein høgt akta rådsherre som sjølv venta på Guds rike, tok då mot til seg og gjekk til Pilatus og bad om å få Jesu kropp.

44. Pilatus undra seg over at Jesus alt var død. Han kalla til seg offiseren og spurde om han hadde vore død lenge.

45. Då han fekk dette stadfest av offiseren, lét Pilatus Josef få liket.

46. Josef kjøpte eit linklede, tok Jesus ned og sveipte han i det. Han la han i ei grav som var hoggen ut i bergveggen, og rulla ein stein framfor gravopninga.

47. Maria Magdalena og Maria, mor til Joses, såg kvar han vart lagd.

Les hele kapitlet Markus 15