Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 14:36-51 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

36. «Abba, Far!» sa han. «Alt er mogleg for deg. Ta dette begeret frå meg! Men ikkje som eg vil, berre som du vil.»

37. Då han kom tilbake, fann han dei sovande, og han sa til Peter: «Simon, søv du? Makta du ikkje å vaka ein einaste time?

38. Vak og be at de ikkje må koma i freisting! Ånda er villig, men kjøtet er veikt.»

39. Så gjekk han bort att og bad med dei same orda.

40. Då han kom tilbake, såg han at dei hadde sovna til att, for auga deira var tunge av søvn. Og dei visste ikkje kva dei skulle svara han.

41. Tredje gongen kom han til dei og sa: «Søv de framleis og kviler! No er det avgjort. Timen er komen. Menneskesonen skal gjevast over i syndarhender.

42. Stå opp, lat oss gå! Svikaren er nær.»

43. I det same, før han hadde tala ut, kom Judas, ein av dei tolv, og med han ein flokk som var væpna med sverd og stokkar. Dei kom frå overprestane, dei skriftlærde og dei eldste.

44. Svikaren hadde avtala eit teikn med dei: «Den eg kysser, han er det. Ta han og før han bort med sikker vakt.»

45. Og då han kom, gjekk han straks bort til Jesus og sa: «Rabbi!» og kyste han.

46. Så la dei hand på han og tok han til fange.

47. Ein av dei som stod der, drog då sverdet, hogg etter tenaren til øvstepresten og sneidde øyret av han.

48. Men Jesus sa til dei: «De kjem med sverd og stokkar og vil gripa meg, som om eg var ein røvar.

49. Dag etter dag var eg hos dykk på tempelplassen og underviste. Då tok de meg ikkje. Men dette har hendt for at skriftene skulle oppfyllast.»

50. Då forlét alle Jesus og rømde bort.

51. Ein ung mann følgde etter Jesus; han hadde berre eit linklede om seg. Dei tok han,

Les hele kapitlet Markus 14