Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 14:10-25 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. Judas Iskariot, ein av dei tolv, gjekk til overprestane og baud seg til å gje Jesus over til dei.

11. Då dei høyrde det, vart dei glade og lova å gje han pengar. Og sidan leita han etter eit lagleg høve til å svika Jesus.

12. Den første dagen i høgtida med usyra brød, den dagen dei slakta påskelammet, sa læresveinane til Jesus: «Kvar vil du vi skal gå og stella i stand så du kan halda påskemåltid?»

13. Då sende han to av læresveinane sine i veg og sa til dei: «Gå inn i byen! Der kjem ein mann som ber ei krukke med vatn, til å møta dykk. Han skal de følgja,

14. og der han går inn, skal de seia til han som eig huset: ‘Meisteren spør: Kvar er rommet der eg kan halda påskemåltid med læresveinane mine?’

15. Då viser han dykk eit stort rom ovanpå, gjort i stand med teppe og puter. Der skal de stella til for oss.»

16. Så gjekk læresveinane av stad. Dei kom inn i byen og fann det slik som han hadde sagt. Og dei gjorde i stand påskemåltidet.

17. Då det vart kveld, kom Jesus med dei tolv.

18. Medan dei var til bords og åt, sa han: «Sanneleg, eg seier dykk: Ein av dykk kjem til å svika meg – ein som et i lag med meg.»

19. Då vart dei sorgfulle, og den eine etter den andre spurde han: «Det er vel ikkje eg?»

20. Han svara: «Det er ein av dei tolv, ein som dyppar i fatet saman med meg.

21. For Menneskesonen går bort, slik det står skrive om han. Men ve det mennesket som svik Menneskesonen! Det hadde vore betre for det mennesket om det aldri var fødd.»

22. Medan dei heldt måltid, tok han eit brød, takka og braut det, gav dei og sa: «Ta imot, dette er min kropp.»

23. Og han tok eit beger, takka og gav dei, og dei drakk alle av det.

24. Og han sa til dei: «Dette er mitt blod, paktblodet, som blir utrent for mange.

25. Sanneleg, eg seier dykk: Aldri meir skal eg drikka frukta av vintreet før den dagen eg drikk henne ny i Guds rike.»

Les hele kapitlet Markus 14